Meny

Nyheter

LOGOPEDSTILLING: Fjell vaksenopplæring søkjer ny medarbeidar i 100 % fast stilling.

Publisert: 02/04/19 oppdatert: 02/04/19

Om arbeidsplassen

Fjell er ein kommune i sterk utvikling og det er no framtida vert skapt. Det nye bymiljøet veks fram, med kystkulturen som ein naturleg del. Dette gjer kommunen til ein attraktiv arbeidsplass og ein spennande arena for næringslivet. Vi treng fleire engasjerte medarbeidarar som er opptekne av forbetring, fellesskap og fagkompetanse.

Stillinga vil organisatorisk ligge til vaksenopplæringa, men oppgåvene vert også utført i heimen til dei vaksne, samt i ulike helseinstitusjonar i kommunen. Vaksenopplæringa samarbeider med koordinator for rehabilitering av vaksne og PPT.

Hovudoppgåver

  • Logopediske tiltak for vaksne og eldre med opplærings- og rehabiliteringsbehov
  • Opplæringstiltak for vaksne med kommunikasjonsvanskar som har oppstått etter sjukdom og/eller skade, og er overførte frå sjukehus for lokal oppfølging
  • Samarbeid med PPT og koordinator for helsetenester
  • Tverrfagleg samarbeid med faggrupper som ergoterapeut/fysioterapeut og sjukepleiar
  • Utgreiing, sakshandsaming, skriving av vedtak og rapportar

Kvalifikasjonar

Må ha

  • Godkjent logopedutdanning
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

Ønskjeleg med

  • Førskulelærar- eller allmennlærarutdanning
  • Praktisk erfaring frå rehabilitering av vaksne

Personlege eigenskapar

  • God til å samarbeide
  • Fleksibel
  • Sjølvstendig

Løns- og arbeidsvilkår

Løn etter gjeldande lov- og avtaleverk.

Vi tilbyr

  • IA bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Fleksibel arbeidstid
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Bedriftshelseteneste

Generell informasjon

Fjell kommune ønskjer at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar derfor kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn til å søkja stillinga. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggje til rette for personar med redusert funksjonsevne.

Arbeidsstad

Arbeidsstad: Fjell vaksenopplæring
Adresse: Grønamyrsvegen 2
Postnummer: 5353
Poststad: Straume
Heimeside: www.fjellvaksenopplaring.no
E-post: 
Telefon: 55097670 

Om tilsetjingsvilkår og søknad

Administrasjonsmålet er nynorsk. Vanlege kommunale tilsetjingsvilkår etter lov, reglement og tariffavtale. Søknad og CV må sendast elektronisk via søknadsskjema.

Pålogging og førhandsutfylling

Det er mogeleg å ta i bruk det elektroniske skjema utan pålogging. Vi tilrår likevel at søkjarar loggar på før utfylling. Da vert opplysningane lagra for eventuelle seinare søknadar.

Elektronisk søknad finn du nede på denne sida.

Kandidatar som vert kalla inn til intervju må ta med godkjende vitnemål og attestar.

Søknadsfrist

15.04.2019

Kontakt

Rektor Nina Håvik Pettersen tlf. 55097672
Leiar for PPT Jogeir Sognnæs tlf: 55097214/91816155

For mer informasjon se her