Meny

Nyheter

Førespurnad om deltaking i forskingsprosjektet «Stemmevanskar blant lærarar».

Publisert: 15/01/21 oppdatert: 15/01/21

Informasjonsskriv

Hei!
Eg er masterstudent ved Nord Universitet, og held i år på med den avsluttande masteroppgåva
i logopedi. Som det blir beskrive i tittelen er temaet for oppgåva stemmevanskar blant lærarar.
Formålet med denne undersøkinga, er å få meir inngåande kunnskap rundt stemmevanskar
blant denne yrkesgruppa. Læraryrket blir betrakta som et stemmekrevjande yrke, og tidlegare
undersøkingar og forsking på feltet peiker i retning av at dette er eit reelt problem. Ved å rette
søkelyset på dette, kan det hjelpe både med tanke på forbetring på dei som har opplevd
fenomenet, og samtidig verke førebyggande for framtidige lærarar.
Mi problemstilling lyder som følger:
«Kva symptom er vanleg for stemmevanskar hos lærarar, og kva faktorar i yrket kan
relaterast til problemet?»
Vidare forskingsspørsmål som er med på å besvare problemstillinga, er:
- Tiltak som er utprøvd i tråd med logopedisk hjelp. Kva har fungert, eventuelt ikkje
fungert.
- Konsekvensar?
- Har informantane nokre tankar rundt årsaker?
Om du kjenner til nokon av dine noverande eller tidlegare klientar som kan kjenne seg
igjen i ei slik beskriving, og som kan tenke seg å stille til eit intervju, så er eg takknemleg
om du kunne vidaresendt skrivet og kontakta meg. Kontaktinformasjon ligg nedst i
dette skrivet. Eit meir detaljert informasjonsskriv med samtykkeerklæring vil då bli
sendt til personen.
Utvalet for undersøkinga er avgrensa utifrå kriteriet om å ha opplevd stemmevanskar som
følgje av yrket, og som har hatt logopedisk behandling. Det vil bli inntil fem informantar som
får spørsmål om å delta.
Undersøkinga vil ta form som eit intervju som vil ha ei tidsramme på omtrent ein time. Tid og
stad blir vi saman einige om, det er fullt mogleg å ta det via telefon eller nettmøte. Spørsmåla
vil vere opent formulert, og i hovudsak dreie seg om informanten sine erfaringar med
stemmevanskar, korleis desse oppstod og konsekvensane informanten har opplevd frå dette.
Eventuelle tiltak som er prøvd ut vil også vere av interesse. Eg vil bruke lydopptakar og ta
notat medan vi snakkar saman.
Det er frivillig å delta i prosjektet. Dersom nokon vel å delta, kan ein når som helst trekke
samtykket tilbake utan å oppgje nokon grunn. Alle personopplysningar vil då bli sletta. Det
vil ikkje ha nokon negative konsekvensar for informanten dersom ho eller han ikkje vil delta
eller seinare vel å trekke seg. Opplysningane vil bli behandla konfidensielt, og ingen
enkeltpersonar vil kunne kjennast igjen i den ferdige oppgåva. Det vil ikkje påverke

informanten sitt forhold til skule eller andre lærarar ved deltaking. Opplysningane
anonymiserast og opptaka slettast når oppgåva er ferdig.
Opplysningane vil berre bli brukt til formåla vi har fortalt om i dette skrivet. Vi behandlar
opplysningane konfidensielt og i samsvar med personvernregelverket. Det blir meg som
student og min vegleiar som vil ha tilgang ved behandlingsansvarlig institusjon. Namn og
kontaktopplysningane vil bli erstatta med ein kode som lagrast på ein eiga namneliste åtskilt
frå øvrige data.
Opplysningane anonymiserast når prosjektet avsluttast/oppgåva er godkjent, noko som etter
planen er juni 2021. Ved prosjektslutt vil alle personopplysningar og opptak bli sletta.
Vi behandlar opplysningar om informanten basert på deira samtykke.
På oppdrag frå Nord Universitet har NSD – Norsk senter for forskningsdata AS vurdert at
behandlinga av personopplysningar i dette prosjektet er i samsvar med personvernregelverket.
Dersom du har spørsmål til studien, eller ønske å nytte deg av dine rettigheiter, ta kontakt med
meg på tlf.: 970 63 488, eller sende ein e-post til . Du kan også kontakte min
vegleiar Regine Vesterlid Strøm på tlf.: 990 13 913, eller sende ein e-post til

Vårt personvernombud: Personvernombudet ved Nord Universitet er Toril Irene Kringen som
kan kontaktast på tlf.: 740 22 750 eller ved e-post
Dersom du har spørsmål knytt til NSD sin vurdering av prosjektet, kan du ta kontakt med:
 NSD – Norsk senter for forskningsdata AS på epost ()
eller på telefon: 55 58 21 17.
Tusen takk for helpa! ��
Med vennleg helsing
Ina-Beate Høylo