Meny

Nyheter

Ledig vikariat som logoped i 60% stilling Helse Bergen

Publisert: 05/06/19 oppdatert: 05/06/19
Logopedtenesta er ei avdeling i Nevroklinikken. Avdelinga yter tenester til pasientar med afasi, dysartri, stemmevanskar og dysfagi ved Haukeland universitetssjukehus og Haraldsplass diakonale sjukehus. Totalt har avdelinga 10 stillingar.

Vi har no ledig vikariat som logoped i 60% stilling.
 Søknadsfrist:
16.06.2019
 Arbeidsgivar:
Helse Bergen
 Stad:
Bergen
 Tittel:
Logoped
 Heiltid / Deltid:
Deltid
 
 Stillingsprosent:
60
 Webcruiter-ID:
4092868849
 Stillinger:
1
 Startdato:
01.08.2019
 Sluttdato:
01.08.2020
 Sosial deling :
   
Arbeidsoppgåver
  • Kartlegging og behandling av pasientar som blir tilvist til Logopedtenesta
  • Rådgjeving til pårørande og andre faggrupper
  • Deltaking i tverrfagleg samarbeid
  • Deltaking i utviklingsarbeid og opplæring/ utdanning av logopedar og andre faggrupper
  • Avdelinga arbeider målretta med å styrkje den faglege kompetansen
Kvalifikasjonar
  • Godkjend logopedutdanning
  • Erfaring frå logopedisk arbeid med vaksne er ein fordel
  • Interesse for å undervise/halde kurs er ein fordel
Personlege eigenskapar
  • Den som blir tilsett må kunne arbeide sjølvstendig, vere ansvarsbevisst, ha gode kommunikasjonsevner og ha evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver
  • Vi søkjer etter ein engasjert, arbeidsam og lojal medarbeidar som vil bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Må vere samarbeidsvillig og trivast i eit aktivt og travelt miljø
Vi tilbyr
  • Lønn etter gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Fagleg og personleg utvikling

https://5301608.webcruiter.no/Main/Recruit/Public/4092868849?language=NN